Uttale frå Studentparlament om UiB sitt notat om strukturmeldingen

  • Foto: UiB v/Marianne Røsvik

Uttale frå Studentparlamentet ved UiB kring UiB sitt notat til KD.

I lys av debatten kring den kommande strukturmeldinga og dei signala som er komne frå Høgskulen i Bergen (HiB) ynskjer Studentparlamentet ved UiB å kome med følgjande uttale til Universitetet i Bergen (UiB) sitt notat som skal behandlast i universitetsstyret torsdag 30.10.

Studentparlamentet ved UiB:

  • meina at styrka kvalitet, både i forsking og utdanning må vera målet med denne prosessen.  
  • meina at UiB skal halda fram som eit breiddeuniversitet og arbeida for å løfte fram verdsleiande miljø.
  • ser ikkje at ein fusjon med HiB vil løfte kvaliteten på forsking eller utdanning ved UiB og er difor negativ til dette.  
  • fryktar at ei samanslåing med HiB vil svekka universitetet på forskingsområdet og universitetet sin posisjon internasjonalt.
  • er positive til sterkt samarbeid i Bergen og på Vestlandet men meiner at dette best vert løyst utan fusjon mellom UiB og HiB.
  • meina at UiB kontinuerleg må utreda korleis ein kan styrka kvaliteten ved UiB, både på forsking- og utdanningsfeltet. 


For ytterlegare kontakt om dette:
Tommy Aarethun
Leiar, Studentparlamentet ved UiB
95167502/tommy@sp.uib.no