Tankar kring strukturelle endringar

I sakspapira til universitetsstyremøtet 28.08 kjem det fram at Universitetet i Bergen (UiB) har innleia dialog med Norges handelshøyskole (NHH) og Kunst- og designhøgskole (KHiB) for å utgreia tettare samarbeid og eller fusjon. Dette kjem som eit svar på den oppgåva som Kunnskapsdepartementet (KD) har gitt til alle institusjonane i landet.

 

Dette er spennande tankar og me stiller oss positive til dei planane som skal leggast fram for styret og dei refleksjonane rektor Olsen gjer seg rundt spørsmålet om strukturelle endringar: “Strukturelle endringer er bare ønskelig fra UiBs side, om det gir bedre muligheter for å utvikle flere konkurransedyktige miljøer av internasjonale klasse. Det er ikke aktuelt å drøfte samarbeidsformer som kun gir uttelling i form av stordriftsfordeler på administrativt plan, understrekes det fra UiB-ledelsen.”

 

- Gjennom eit tettare samarbeid mellom desse institusjonane vil ein skapa eit kunnskapsmiljø på Vestlandet som vil bli ein faktor som gjev heile regionen eit løft. Dette vil bli landets fremste kunnskapsinstitusjon med fagmiljø i toppsjiktet. Det fortener kunnskapsbyen Bergen, seier leiar av Studentparlamentet ved UiB Tommy Aarethun.

 

Om Noreg skal bli ein kunnskapsnasjon med fagmiljø i verdstoppen er det slike samanslåingar og samarbeid ein har behov for. Det er studentar og tilsette ved alle institusjonane so vel som regionen og samfunnet elles tent med.


For ytterlegare kommentarar om dette, ta kontakt med arbeidsutvalet på au@sp.uib.no / 55 54 50 16 eller leiar Tommy Aarethun på tommy@sp.uib.no / 95167502