Pressemelding frå SP-UiB: Studiebarometeret 2014 lagt fram

PM frå Studentparlamentet ved UiB: Studiebarometeret for 2014 lagt fram.

Tysdag 03. februar la Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) fram Studiebarometeret for 2014. Dette er andre gong barometeret vert lagt fram og det gjer det for fyrste gong mogleg å samanlikna tal over fleire år.

-  Studiebarometeret er eit viktig verktøy som utdanningsinstitusjonane bør nytta aktiv i sitt arbeid med å betra utdanningskvaliteten,  seier leiar av Studentparlamentet ved UiB Tommy Aarethun.

Studiebarometeret for 2014 syner at studentane alt i alt er nøgd med studieprogrammet sitt.

- Det er sjølvsagt gledeleg at heile 76% av studentane høyrer til på fornøgd-sida. Det er likevel viktig å ha fokus på den gruppa som ikkje er nøgd og arbeida strategisk for å løfte desse opp på fornøgd-sida, seier leiar av Studentparlamentet ved UiB Tommy Aarethun.

Resultata frå 2014 stadfestar trenden får 2013 om at studentane er minst nøgd med dei tilbakemeldingane og den oppfølginga dei får under studiane.

- At berre 3 av 10 studentar er nøgd med oppfølginga syner eit stort behov for at institusjonane no satsar på oppfølging og tilbakemelding. Ei mentorordning for alle studentar vil sikra god oppfølging av studentane, seier Aarethun.


Lenkje til Studiebarometeret:
http://www.studiebarometeret.no/no/



For ytterlegare kommentarar kontakt:
Tommy Aarethun
Leiar av Studentparlamentet UiB
Tlf: 95167502
Epost: tommy@sp.uib.no