Pressemelding frå SP-UiB: I anledning studiestart og velkomstseremoni ved UiB.

  • Leder av Studentparlamentet UiB, Tommy Aarethun

    Leder av Studentparlamentet UiB, Tommy Aarethun

I dag er det velkomstseremoni og mange nye studentar er på veg inn i akademia og tek til på studietida. Det er ei fantastisk tid og ei tid mange hugsar som den beste i livet. Sjølv om det aller meste er positivt er det også nokre utfordringar som møter studentane som i dag var på plass til velkomstseremoni i Nygårdsparken.

- Eg vil på det sterkaste oppmoda dei nye studentane til å nytta studietida på best mogleg vis. Dette er ei tid for fagleg lærdom, samstundes som du utviklar deg sosialt og får delta på mange spennande ting. Grip studietida og sei JA!, oppmodar Tommy Aarethun, leiar av Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen.

 

Studietida er ei fantastisk tid men den byr også på utfordringar.

- Dei nye studentane i år er dei fattigaste på kring 40 år. Mange av dei har hatt store problem med å finna seg ein stad å bu og landet over vert bustadkøane lengre for kvart år, seier leiar av Studentparlamentet ved Universitet i Bergen Tommy Aarethun.

 

Bustadutgiftene vert ein stadig større del av den svake studentkonomien

- I år går 74 % av beløpet som studentane mottar direkte til bustadutgifter, då seie det seg sjølv at dei aller fleste lyt arbeida ved sidan av studiane. Framtidas Noreg skal bør sitja mest mogleg på lesesalen og minst mogleg i kassa på Rimi, avsluttar Aarethun.

 

Lenke til talen: http://spuib.no/sites/default/files/Tale%20til%20velkomstseremonien.docx 

 

For ytterlegare kommentarar kontakt:

Tommy Aarethun

Leiar av Studentparlamentet UiB

Tlf: 95167502

Epost: tommy@sp.uib.no

 

Studentparlamentet ved UiB

Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (UiB) representera 14500 studentar og er det øvste studentdemokratiske organet ved UiB. Studentparlamentet jobbar dagleg for studentane ved UiB og for at deira studiekvardag skal verta betre.