PM: Studentparlamentet vedtar nytt prinsipprogram

Måndag 29.09 fant semesterets fyrste møte i Studentparlamentet ved UiB stad. Der vedtok Studentparlamentet nytt prinsipprogram som har ein tidshorisont på tre år. Arbeidsutvalet har fått i oppgåve å utarbeide eit arbeidsprogram som har tidshorisont på eitt år. Dette skal leggast fram for Studentparlamentet på møtet 27.10.

- Me er nøgde med å endeleg få på plass nytt prinsipprogram. Me har fått stor tillit frå Studentparlamentet og denne vil me nyta til å få mest mogleg gjennomslag for studentane ved UiB, seier leiar Tommy Aarethun.

Programmet er ikkje lenger like tungt på velferd.
- Fokuset i dette programmet er hovudsakleg på interne forhold ved Universitetet i Bergen. Programkomiteen har hatt eit ynskje om at velferdssakene hovudsakleg skal ligga under Velferdstinget. Dette er ein heilt naturleg fordeling og det har i realiteten blitt praktisert slik dei siste åra, seier Aarethun avslutningsvis.

Tradisjonelle studentsaker er fortsatt i fokus.
- Det er eit prinsipprogram som inneheld mange av dei tradisjonelt viktige studentsakene. Varierte vurderingsformer og mentorordning vil fortsatt vera blant våre viktigaste kampsaker, påpeikar Aarethun.

Prinsipprogrammet i sin heilskap:
http://spuib.no/sites/default/files/Prinsipprogram%20for%20Studentparlamentet%20ved%20Universitetet%20i%20Bergen_0.pdf


For ytterlegare kommentarar kontakt:

Tommy Aarethun
Leiar av Studentparlamentet UiB
Tlf: 95167502
Epost: tommy@sp.uib.no