PM: Store ambisjonar i ny langtidsplan for forsking og høgare utdanning.

Pressemelding frå Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen: Store ambisjonar i ny langtidsplan for forsking og høgare utdanning.


Nokre timar etter at statsbudsjettet for 2015 vart lagt fram, la statsråd Torbjørn Røe Isaksen fram den nye langtidsplanen for forsking og høgare utdanning som skal gjelde frå 2015-2024.

- Det er ein ambisiøs plan og den syner ei tydeleg satsing på sterke fagmiljø. Me er nøgd med ei slik satsing og meina dette er eit tiltak som vil bidra til å gi norsk utdanning og forsking det løftet som den treng, seier leiar av Studentparlamentet ved UiB, Tommy Aarethun.

Universitets- og høgskulesektoren står ovanfor fleire endringar:
- Me er spent på og forventar at denne planen vil få konsekvensar for arbeidet med finansieringssystemet og Strukturmeldinga som skal leggjast fram til våren, seier Aarethun.

Dei store forskingsuniversiteta vert prioritert i den nye planen:
- Dette er ei prioritering me er godt nøgde med. Ei konsentrering av ressursane vil bidra til å auka kvaliteten, det vil ein samla UH-sektor vera tent med. Det vert ofte sagt at det er ”typisk norsk å vera god”, det må også bli mottoet for norsk utdanning og forsking, avsluttar Aarethun.

Utdanning og utdanningskvalitet må få ein meir sentral plassering:
- Skal ein verkeleg satsa på forsking og utdanning må ein i langt større grad prioritera utdanning og utdanningskvalitet. Det er utdanning som er grunnsteinen i systemet, dagens studentar er morgondagens forskarapåpeikar Aarethun.

 

For ytterlegare kommentarar kontakt:
Tommy Aarethun
Leiar av Studentparlamentet UiB
Tlf: 95167502
Epost: tommy@sp.uib.no