PM: Statsbudsjettet er eit angrep på gratisprinsippet

I dag la Siv Jensen fram statsbudsjettet for 2015. Det er eit budsjett som ikkje tek studentane på alvor. Samtidig er det eit budsjett som rokkar ved gratisprinsippet i høgare utdanning. Innføring av skulepengar for internasjonale studentar er ein svært dårleg idé og.

 

- Dette er eit angrep på lik rett til utdanning og ei fjerning av gratisprinsippet. Erfaring frå andre land syner at vegen er kort til skulepengar for alle studentar. No set me vår lit til at Stortinget stoggar forslaget om skulepengar for internasjonale studentar, seier Tommy Aarethun, leiar av Studentparlamentet ved UiB.

 

- Regjeringa legg opp til at internasjonale studentar frå land utanfor EU skal finansiera eit kutt til UH-sektoren på 80,5 millionar. Det er uhaldbart og no blir det kamp, seier Aarethun.

 

Opninga av Universitetsmuseet er utsatt på ubestemt tid:

 

- Me er svært skuffa over at det ikkje kjem løyvingar til dette. Dette set prosjektet på vent og sinkar arbeidet med å få ned det enorme etterslepet som pregar universiteta, held Aarethun fram.

 

Heiltidsstudenten er framleis ein fjern draum.

 

- Forslaga frå regjeringa kan ikkje kallast noko anna enn museskritt mot vårt mål om å realisera heiltidsstudenten. Dette er ikkje godt nok frå ein regjering leia av eit parti som har flagga satsing på kunnskap høgt, avsluttar Aarethun



For ytterlegare kommentarar kontakt:

Tommy Aarethun

Leiar av Studentparlamentet UiB

Tlf: 95167502

Epost: tommy@sp.uib.no