PM: Ny struktur for forsking og høgare utdanning skal tuftast på kvalitet

  • Strukturkart

PM frå Studentparlamentet ved UiB: Ny struktur for forsking og høgare utdanning skal tuftast på kvalitet


Onsdag 25.03 presenterte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kva kriterier som vert lagt til grunn for den nye strukturen i forsking og høgare utdanning. Strukturmeldinga kjem på fredag.

- Me er glad for at regjeringa satsar på kvalitet i forsking og høgare utdanning. Når meldinga kjem på fredag forventar me at den er tydeleg på kva ein god utdannings- og forskingsinstitusjon er, seier leiar av Studentparlamentet ved UiB Tommy Aarethun

Strukturmeldinga som vert lagt fram bør vera eit ledd i eit større arbeid med å heva kvaliteten på høgare utdanning og forsking i Noreg.

- Skal me lukkast med å heva kvaliteten på høgare utdanning og forsking i Noreg trengs det finansiering som legg opp til dette. Kvalitet kostar og må finansierast der etter, held Aarethun fram.

Regjeringa opphevar frysinga av strukturen, slik at høgskular igjen kan søka om å verta universitet.

- Vi er positiv til at regjeringa stiller strengare til institusjonane. Me ynskjer oss ei system som er basert på kvalitet og då er det viktig at studieprogramma er forankra i solide fagmiljø
, avsluttar Aarethun

 

For ytterlegare kommentarar kontakt:
Tommy Aarethun
Leiar av Studentparlamentet UiB
Tlf: 95167502
Epost: tommy@sp.uib.no