PM frå Studentparlamentet ved UiB: Aldri før har fleire søkt høgare utdanning

PM frå Studentparlamentet ved UiB: Aldri før har fleire søkt høgare utdanning

Fristen for å søke opptak til høgare utdanning gjennom Samordna opptak gjekk ut onsdag 15.04 klokka 23:59. No er søkartala her. I år er det 127.929 personar som har søkt om studieplass, det er ei auke på 6,7 prosent frå i fjor.

- Det er gledeleg at så mange tar steget og byrjar på høgare utdanning. Noreg treng ein høgt utdanning befolkning som skal styra oss gjennom omstillinga og inn i framtida, seier Aarethun.

Det høge søkartalet kan også by på utfordringar.

- Søkartala syner at det stadig kjem fleire inn i høgare utdanning. Det aukar behovet for satsing på bygg og infrastruktur som skal møte desse studentane. I dag er etterslepet på over 11 milliardar kroner berre ved dei «gamle universiteta», seier Aarethun

Ved Universitet i Bergen er det forskjellar mellom fakulteta men alt i alt ser ein ei auke på 4,8 prosent frå fjoråret. Særleg er jusstudiet ved UiB populært og ligg heilt i landstoppen.

- Det er gledeleg å sjå at jusstudiet ved UiB er eit av dei mest populære i heile landet. Dette er eit studieprogram der ein verkeleg har satsa på digitalisering av undervisning og vurdering over lengre tid og det er tydeleg at dette har nådd ut til dei som skal byrja på høgare utdanning, avsluttar Aarethun

 

For ytterlegare kommentarar kontakt:

Tommy Aarethun

Leiar av Studentparlamentet UiB
Tlf: 95167502
Epost: tommy@sp.uib.no