PM frå SP-UiB: Revidert statsbudsjett blei dei forspilte sjansars budsjett

PM frå SP-UiB: Revidert statsbudsjett blei dei forspilte sjansars budsjett

Tysdag 12.05 la regjeringa fram sitt forslag til revidert statsbudsjett for 2015. Det var eit revidert budsjett med små endringar for Universitets- og høgskolesektoren.

- Heller ikkje denne gong nytta regjeringa høvet til å auka studiestønaden eller til å byggja fleire studentbustadar. Me hadde håpt på ei ny auke i studiestønaden og nokre nye studentbustadar i revidert, seier leiar av Studentparlamentet ved UiB Tommy Aarethun

- Studentøkonomien i Noreg er dårleg og det er avgjerande å betra denne for å lukkast med å heva kvaliteten i tråd med regjeringas ambisjonar, held Aarethun fram.

- Om regjeringa verkeleg meina alvor med omstillinga burde dei satsa langt meir på forsking, utdanning og innovasjon enn kva dei gjer i år, seier Aarethun.

Heller ikkje denne gong er det løyvd midlar til rehabiliteringa av Universitetsmuseet i Bergen.

- Det er skuffande. Heile prosessen stoggar opp. No blir museet, som er ein viktig arena for formidling av forsking og kunnskap, ståande tomt i årevis, seier Aarethun

Lite nytt kva gjeld bygg og infrastruktur i UH-sektoren.

- Det som burde ha vore eit budsjett som rusta oss for framtida er eit budsjett som fører til at det kvar dag blir større etterslep på bygg og infrastruktur i Universitets- og høgskolesektoren, avsluttar Aarethun,

For ytterlegare kommentarar kontakt:
Tommy Aarethun
Leiar av Studentparlamentet UiB
Tlf: 95167502
Epost: tommy@sp.uib.no