PM frå SP-UiB: Kvalitet og gjennomføring krev vilje og ressursar

  • Foto: Jin Sigve Mæland / Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen

    Foto: Jin Sigve Mæland / Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen

PM frå SP-UIB: Kvalitet og gjennomføring krev vilje og ressursar


Tysdag 05. Mai la Kunnskapsdepartementet fram Forskningsbarometeret og Tilstandsrapporten for høgare utdanning. Den syner blant anna at berre 4 av 10 bachelorstudentar fullfører studiane på normert tid.

- At berre fire av ti bachelorstudentar fullfører studiane på normert tid er urovekkande. Dette syner eit klart behov for å auke studiefinansiering og utbygginga av studentbustadar. Det vil betre studentøkonomien og gjera det mogleg for studentar å ha større fokus på studiane, seier leiar av Studentparlamentet ved UiB Tommy Aarethun

- Ei auke i studiestønaden vil betra studentøkonomien under studiane. Det er då ein treng betre økonomi, ikkje når ein er ferdig og skal ut i løna arbeid, seier Aarethun.

Låg gjennomføring vitnar om at systemet ikkje virkar.  

- Skal ein betra gjennomføringsgraden må utdanningsinstitusjonane ta seg saman. Det er på tide med eit skikkeleg løft for rettleiinga og oppføljinga av studentane i høgare utdanning. Me treng eit finansieringssystem som gjev institusjonane incentiv til nettopp dette, held Aarethun fram.

Omstillingsevne og ny kunnskap er viktig for verdiskapning i framtida.

- Noreg er midt i ein omstillingsprosess der universitets- og høgskulesektoren har ei nøkkelrolle. Det er viktig at investeringane både i studiefinansiering og i sektoren for øvrig er god nok til å sikra god kvalitet, både i forsking og utdanning, avsluttar Aarethun.


For ytterlegare kommentarar kontakt:
Tommy Aarethun
Leiar av Studentparlamentet UiB
Tlf: 95167502
Epost: tommy@sp.uib.no