PM frå SP-UiB: Konsentrasjon for kvalitet er nødvendig

  • Stortingsmelding: Konsetrasjon for kvalitet

PM frå Studentparlamentet ved UiB: Konsentrasjon for kvalitet er nødvendig

 

Fredag 27.03 vart den lenge varsla stortingsmeldinga ”Konsentrasjon for kvalitet, strukturreform i universitets- og høyskolesektoren” lagt fram. Den har fått tittelen konsentrasjon for kvalitet og har som mål å heva kvaliteten i sektoren.

 

- Fokus på kvalitet er bra, me har etterlyst dette over lengre tid. Det er viktig med finansiering som byggjer opp om dei måla som ligg i denne stortingsmeldinga. Det inneberer både finansiering til institusjonane men og ei styrking av studiefinansieringa, seier leiar av Studentparlamentet ved UiB Tommy Aarethun

 

Konsentrasjon av fagmiljø og ressursar er nødvendig for å auka kvaliteten.

- Slik systemet er i dag er det behov for større konsentrasjon av fagmiljø og av ressursane som går til forsking og høgare utdanning. Eg vonar institusjonane i tida framover vil nytta høvet til å gå saman og finna fram til ein god arbeidsdeling mellom seg, held Aarethun fram


Strukturmeldinga set rammene, men det er innhaldet som avgjer om me lukkast.

- Det var nødvendig å sjå på strukturen, men me er enno meir spent på kva som kjem i stortingsmeldinga om utdanningskvalitet som er varsla i 2017. Det er denne som verkeleg vil gå inn i materien å definera kva kvalitet som er forventa av institusjonane. Det kan henda at denne burde ha kome i forkant av og ikkje to år etter strukturmeldinga, seier Aarethun

Studentevalueringar og tilbakemeldingar er viktig i arbeidet med utdanningskvalitet. I stadenfor å så tvil om desse burde ein styrka dei og bruka dei aktivt i arbeidet med å auka kvaliteten.

- Me stussar over at det i stortingsmeldinga står at “Det er ikke gitt at studentene klarer å skille ut de viktigste faktorene for kvalitet(...)”. Det er studentane som kvar dag kjenner kvaliteten på undervisninga på kroppen og difor er våre attendemeldingar ein viktig del av arbeidet med å auka utdanningskvaliteten, avsluttar Aarethun

 

For ytterlegare kommentarar kontakt:

Tommy Aarethun

Leiar av Studentparlamentet UiB

Tlf: 95167502

Epost: tommy@sp.uib.no
Twitter:@TommyAarethun