PM frå SP-UiB: Framleis svak gjennomføring i høgare utdanning

PM frå SP-UiB: Framleis svak gjennomføring i høgare utdanning

Torsdag 21.05 la Riksrevisjonen fram ein rapport som har sett på gjennomføringa i høgare utdanning. Den syner at gjennomføringa i høgare utdanning fortsatt er svak ti år etter kvalitetsreforma. Andelen som fullfører ein bachelorgrad på normert tid har i åra 2011-2013 vore på 41 %.


- Dette er dystre men kjente tall. Det er avgjerande at tiltak for å betre gjennomføringa i høgare utdanning raskt vert satt i gang. Me ynskjer oss ei fagleg mentorordning for alle studentar og variasjon i undervisninga og vurderinga for å sikra betre oppfølging og dialog mellom studentar og fagleg tilsette, seier leiar av Studentparlamentet ved UiB Tommy Aarethun.


- Om ein ynskjer at fleire skal fullføre på fulltid må ein auka studiestønaden og betra studentøkonomien for å gjera det mogleg å studera på fulltid, held Aarethun fram


Undersøkinga syner at studiepoengproduksjonen har ligget på omtrent same nivå sidan innføringa av kvalitetsreforma.


- Dette syner igjen at ein ikkje har lukkast med hovudmåla i kvalitetsreforma. No er tida inne for å lytta til studentane som i fleire år har rapportert misnøye med oppfølging og rettleiing i studiane, seier leiar av Studentparlamentet ved UiB Tommy Aarethun.

Riksrevisjonen anbefala blant anna at ein vurdera å innføra indikatorar som på ein betre måte kan belysa og utvikla kvaliteten i høgare utdanning.

- Det er bra med fokus på kvalitet. Me ynskjer indikatorar som målar kvaliteten i utdanningane velkommen, seier Aarethun. 

Riksrevisjonen anbefala også at Kunnskapsdepartementet i større grad føl opp og evaluera tiltak og at ein hentar inn meir statistikk om dette.

- Denne undersøkinga og meir statistikk er viktig. Det er likevel avgjerande at ein iverkset tiltak og ikkje gøymer seg bak behovet for fleire undersøkinga og ny statistikk, avsluttar Aarethun.


For ytterlegare kommentarar kontakt:
Tommy Aarethun
Leiar av Studentparlamentet UiB
Tlf: 95167502 / Epost: tommy@sp.uib.no


Riksrevisjonens undersøking: https://www.riksrevisjonen.no/rapporter/Sider/Studiegjennomfoeringen.aspx