Lengre opningstider ved universitetsbiblioteka!

  • Foto: Universitetet i Bergen / Sandra Jecmenica 

 

Lengre opningstider ved universitetsbiblioteka!

På vårens siste møte i Studentparlamentet vart det vedteke ein resolusjon om lengre opningstider ved Universitetsbiblioteka.

Det er ei stor glede å kunne annonsere at Universitetsbiblioteket frå studieåret 2015-2016 vil ha laurdagsope på Bibliotek for humaniora, Bibliotek for psykologi, utdanning og helse og Realfagsbiblioteket frå kl. 10 - 16 kvar laurdag gjennom heile semesteret. Bibliotek for samfunnsvitskap og musikk vil ha laurdagsope i eksamensperioden.

- Me er svært glade for at ein no innfører ei slike prøveordning etter ynskje frå Studentparlamentet. Dette syner at politikken som blir vedteke i Studentparlamentet gjer ein forskjell og at ein får gjennomslag, seier leiar av Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen, Tommy Aarethun


Dette er ein prøveperiode, og ein vil ha ei sams evaluering våren 2016.
- I fyrste omgang er dette ei prøveordning. Då er det viktig at studentane no nyttar seg av det tilbodet som har vore etterspurt. Det er også viktig at ein når ut til alle med god informasjon om at ein no opnar biblioteka på laurdagane, avsluttar ein nøgd Aarethun.