Leiarskifte og nytt arbeidsutval.

  • Arbeidsutvalet 2014-2015

Studentparlamentet ved UiB (SP-UiB) har i dag bytta leiar og nytt arbeidsutval er på plass.
Ny leiar er Tommy Aarethun. Aarethun er 23 år og kjem frå Lærdal i Sogn og Fjordane. Han har i inneverande periode vore nestleiar i SP-UiB og har ein bachelorgrad i Samanliknande politikk frå UiB. Han tek over leiarklubba frå Bjørn Kristian Danbolt. 

- Jeg vil takke for et utrolig interessant og begivenhetsrikt år, med mange politiske gjennomslag. Jeg er helt sikker på at det nye arbeidsutvalget vil ta Studentparlamentet til nye høyder, seier Bjørn Kristian Danbolt, avtroppande leiar i SP-UiB.

Studentpolitikken går vidare og mange viktige saker skal opp det kommande året.

- Me ser fram til eit interessant år med mange viktige saker som skal opp. Studentombodet er vedtatt og skal no finna sin plass, universitetet skal få ny strategiplan og digitaliseringsprosjektet skal vidareutviklast. I tillegg skjer det spennande ting politisk innanfor sektoren med diskusjonar om organisering og struktur, dette er prosessar som me ynskjer å bidra aktivt inn i, seier Tommy Aarethun, ny leiar av SP-UiB. 

- Samstundes ynskjer eg å takka det avtroppande arbeidsutvalet for det gode samarbeidet me har hatt i inneverande periode. Mykje av dei tankane og ideane som me har jobba ut frå vil eg ta med meg inn i den nye perioden, avsluttar Aarethun, ny leiar av SP-UiB. 

Studieåret 2014-2015 har AU følgjande samansetning:

Tommy Aarethun

Leder og læringsmiljøansvarlig 
Tlf: 951 67 502
E-post: tommy@sp.uib.no
Twitter: @Tommy Aarethun

Susann Strømsvåg

Nestleder, fag- og forskningsansvarlig
Tlf: 473 42 432 
E-post: susann@sp.uib.no 
Twitter: @Susannstro

Johanne Vaagland

Internasjonalt, miljø- og likestillingsansvarlig
Tlf: 971 56 880
E-post: johanne@sp.uib.no 
Twitter: @JohanneVaagland

Magnus Brekke Nygaard

Velferd, informasjon- og fakultetsansvarleg
Tlf: 984 14 983
E-post: magnus@sp.uib.no
Twitter: @NygaardMB