Blogg: Variasjon – bra for både motivasjon og prestasjon

Variasjon – bra for både motivasjon og prestasjon

 

Me har sendt brev til alle førelesarane ved Universitetet i Bergen (UiB). I brevet oppmodar me dei til å i større grad nytta varierte undervisnings- og vurderingsformer. Sjølv om det til no har vore norma er det ikkje gitt at den tradisjonelle førelesninga og den tradisjonelle skuleeksamenen er det beste for studentanes læringsutbytte. Har alle førelesesarane tenkt nøye gjennom kvifor dei nytta den undervisningsmetoden dei gjer? Har dei tenkt gjennom om den vurderinga dei nyttar er den beste til å vurdera kva studentane har lært?

 

Førelesinga har i lang tid vore den mest nytta undervisningsforma, slik er det også den dag i dag. Dette er ei undervisningsform som stammar frå ei tid då ein hadde få bøker og ein vitskapleg tilsett difor måtte «lese for» studentane. I dag er det ikkje mangel på bøker, men likevel nyttar ein same undervisningsmetode. Kvifor er det slik?

 

Nobelprisvinnar Carl Wieman har forska på kognitive læringsmetodar. I følgje hans forsking er det berre 10% av studentane som hugsar stoffet 15 minuttar etter førelesinga. Vidare hevdar han at læringsutbyttet aukar betrakteleg dersom ein skiftar ut den tradisjonelle førelesinga med meir aktive læringsformer, som til dømes dialog mellom førelesar og studentane og bruk av “klikkere”. Når ein ser så klare funn i forskinga er det vanskeleg å forstå kvifor det store fleirtalet framleis nyttar den tradisjonelle monologførelesinga som undervisningsform.

 

Skuleeksamen med penn og papir har alltid vore norma i høgare utdanning og er framleis den desidert mest nytta vurderingsforma ved UiB. Det var logisk i den tid datamaskiner var noko for dei få. Studentar som i dag byrjar i høgare utdanning kjem derimot frå eit skulevesen der dei har nytta datamaskina både i undervisninga og på eksamen. Variasjon i vurderingane har blitt ein stadig større del av det norske skulevesenet. Når ein tek steget frå vidaregåande skule og inn i høgare utdanning så er det for det store fleirtalet eit steg frå variasjon til eksamen med penn og papir. Kvifor er det slik?


Andre vurderingsformer,
 som til dømes mappevurdering legg i større grad opp til at vurderinga skjer undervegs i læringsprosessen og at det ikkje berre vert ei oppsummering på slutten av semesteret. På den måten legg ein opp til dybdelæring og forståing og i mindre grad til overflatelæring og pugging i forkant av eksamen.

 

Ei slik omlegging vil stilla større faglege krav til studentane undervegs i studiane og for mange vil det vera ei endring i studievane. Når me krev dette frå institusjonane og førelesarane er det også på sin plass at dei stiller høgare krav til oss som studentar. Dette er ein dugnad, me må alle bidra.

 

Tommy Aarethun & Susann Strømsvåg