Blogg: Studiekvalitetsseminaret 2014 – dagen då studentevalueringar vart sexy?

  • Foto: Marianne Røsvik/UiB


I går arrangerte UiB studiekvalitetsseminar for programkoordinatorar og emneansvarlege. Det var altså både administrativt og vitskapleg tilsette tilstades for å drøfte kva ein god programleiar er, korleis ein kan skapa samanheng i emner og korleis ein kan få til gode studentevalueringar.

Det er svært positivt at dette vert sett på dagsorden og at UiB har fokus på dette viktige arbeidet.


Kvifor er det viktig at studentane bidreg i dette arbeidet?
Det er studentane som føler undervisningsopplegget «på kroppen» og som difor har dei beste føresetnadane for å kunne uttale seg om kva som fungera og kva som ikkje fungera. Eg trur på eit samarbeid mellom studentar og tilsette i evalueringsarbeidet. Til jul i år ynskjer eg meg at fagfellevurdering av undervisning skal verta like naturleg og sjølvsagt som fagfellevurdering av forsking. Tenk om me kan få referansegrupper beståande av studentar og vitskapeleg tilsette som saman gjev attendemeldingar til forelesar og emneansvarleg. Eg trur dette ville gjort underverk for undervisninga.

Kva er vitsen med å fylla ut dette skjemaet?
Du har kanskje lurt på kvar alle desse evalueringane endar? Skjer det noko med desse evalueringsskjemaene som eg fyller ut, har du kanskje tenkt. Har det noko for seg å nytta den travle tida til dette? Svaret er nok at det er litt forskjellig praksis kring dette. Etter gårsdagens seminar trur eg dette kjem til å stå høgt på agendaen hjå dei aller fleste. Vår oppmoding i går var at ein må reflektera kring når ein gjennomfører evalueringar og kva evalueringsform ein nyttar. I tillegg må ein verta betre på å synleggjera kva resultata frå evalueringane vert nytta til. Ei evaluering som ikkje fører til noko er ei dårleg evaluering. Resultata og eventuelle tiltak bør synleggjerast. Dersom evalueringane gjev gode resultat og det ikkje vert satt i verk nokre tiltak bør det også grunngjevast og synast fram. Det syner seg at god kommunikasjon igjen er ein nøkkel. Lurer du på kvar du kan finna emneevalueringa frå ditt emne? Fortvil ikkje, den finn du her!

Mi oppmoding til alle dykk som no er på slutten av semesteret og snart er klare for eit nytt; vær aktive, gi attendemeldingar til forelesar og  emneansvarleg. Det er etterspurt, det vil gjera studiekvardagen betre og det vil gje forelesarane eit løft. Blir du spurt om å gje attendemelding? Ikkje nøl. Blir du spurt om å vera med i ei referansegruppe? Bli med! Det er eit nyttig arbeid å ha deltatt i og resultatet av konstruktive attendemeldingar er gull verdt for forelesar og emneansvarleg.


Lukka til med eksamensinnspurten, emneevalueringane og eit nytt semester!


God jul!


Tommy Aarethun
Leiar, Studentparlamentet ved UiB