Blogg: Studiebarometeret er til for å nyttast

  • Studiebarometeret

Studiebarometeret til NOKUT vart lagt fram tysdag 03.02, resultata for 2014 stadfestar stort sett tala frå 2013. Det syner at fjorårets funn er reelle og at desse bør takast på alvor. Ein kan trekkja ei rekke overordna konklusjonar om at studentane jamt over er nøgde men at studentar flest er misnøgd med oppfølging og attendemeldingane dei får under studiane. Ein bør dermed ha fokus på dei som er misnøgde og dei tinga dei er misnøgde med. Ein må jobba målretta for at også desse skal verta nøgde.

Det er store variasjonar mellom ulike studiestadar og også mellom ulike fagmiljø internt på Universitetet i Bergen (UiB). Difor bør alle leiarar og tilsette som jobbar med utdanning snarast gå inn i tala for sitt fagmiljø og sjå på kva attendemeldingar dei får frå studentane sine. Dette er tal som kan og bør nyttast aktiv i det vidare arbeidet.

Er tala for ditt fagmiljø dårlege? Ta kontakt med studentutvala og fagutvala for det aktuelle fagmiljøet, dei er ekspertar som bør koplast tettare på arbeidet med å utvikla studieprogramma og fagmiljøa rundt på universitetet. Me har alle eit mål om at det skal vera best mogleg å studera ved UiB, om me står saman er sjansen større for å lukkast. Dette er eit arbeid som bør skje kontinuerleg og ha stort fokus - hugs at det kjem eit studiebarometer kvart år.

Det er avgjerande at Studiebarometeret vert teke i bruk som ein ikkje bryr seg så mykje om, og som fyller opp skuffene rundt om på universitetet. Dette er gode tal, direkte frå studentane, som vil vera svært nyttig i arbeidet med å utvikla studieprogramma og universitetet som heilskap.


Lukka til med arbeidet!


Tommy Aarethun

Leiar, Studentparlamentet UiB


Dette innlegget finn du også på trykk i På Høyden