Blogg: Kvifor stemme i studentvalet?

Kvar dag jobbar studenttillitsvalte for at du skal få det betre som student ved Universitetet i Bergen (UiB). Det skjer gjennom Studentparlamentet, Velferdstinget, Norsk studentorganisasjon (NSO) og gjennom studentrepresentasjon i ei rekkje råd, styrer og utval. I tillegg er det to studentar som sit i Universitetsstyret. Du som student har høve til å påverka kven desse studentrrepresentantane skal vera.

I årets val, som finn stad mellom 22.-30. april, har du høve til å stemma på seks ulike lister. Du kan i tillegg velja mellom dyktige kandidatar til Universitetsstyret. Reelle val mellom gode kandidatar og lister gjev deg som student høve til å velja mellom ulike saker og forskjellige kandidatar.

I inneverande periode har me jobba mykje med og fått store gjennomslag i den nye strategien til UiB. Konkret kan ein peika på at alle studentar innan 2019 skal ha sin eigen mentor og at digitalisering av undervisning og vurdering skal stå sentral ved UiB. 

Eg vonar du vil nytta stemmeretten din i valet. Det er viktig at studentar tek tak i dei problema som er og driv fram nye idear og endringar ved universitetet. Valdeltakinga i vala til studentdemokratia er alt for låg, det er mitt og ditt ansvar at denne går opp.

Som leiar av Studentparlamentet ved UiB har eg representert deg som student kvar dag det siste året. No skal du bestemma kven som skal sitja i studentparlamentet og andre posisjonar i neste periode og kven som skal ta over min jobb.

 

Røyst på uib.no/studentvalg 

 

Bruk røysteretten din!

Godt val!

Tommy Aarethun
Leiar, Studentparlamentet ved UiB

 


Følgende lister kan du stemme på i Studentparlamentsvalget:

Seks kandidater stiller til Universitetsstyret. Du skal stemme på både en kvinnelig og en mannlig kandidat.

Kvinnelige kandidater for Universitetsstyret:

Mannlige kandidater for Universitetsstyret: